Velkommen til Vosstillas!
Vosstillas har som visjon å kunna levera alle tenester innan stillas lokalt på Voss og i omegn.

Vosstillas kan levera kalkulering, estimering, sertifisering og resertifisering av stillas samt utleige av fagpersonell til bygging av stillas. Vosstillas har også fasade/rammestillas for montering/utleige, og vil kunna hjelpa til med tinging av tungstillas/spirstillas.

Ta gjerne kontakt for å finna ut meir kva eg driv med eller for ein uforpliktande samtale/vurdering.

Om


Vosstillas er eit nyetablert vossafirma, men med lang erfaring i bransjen. Eg har jobba som stillasmontør i ca. 13 år, 9 år med fasade/rammestillas på land i Hordaland og 5 år med spir/industristillas offshore.

Har gjennom desse åra opparbeidd kompetanse innan bygging så vel som kalkulering og estimering av stillas. Eg har i fleire år vurdert behovet for ei eiga stillasbedrift på Voss, og fann tilslutt ut at eg ville prøva lukka i den flotte bygda vår.

Prisliste


Leige av stillas 100 kr pr m2
Minstepris leige 14 dager 5000 kr
Minstepris leige 30 dager 6500 kr
Pris pr time 400 kr
Pris på sertifisering av stillas under 100kvm/50kubikk 2000 kr
Pris på sertifisering av stillas 100-250 kvm 2500 kr
Pris på sertifisering av stillas 250- kvm 3500 kr
Pakkepris (sertifisering og resertifisering kvar 14 dag) 4500 kr
(Alle priser er eks.mva)
Leige priser inkluderer transport til og frå, ( innanfor kommunegrensa ) og montering/ demontering

Kontakt